No image

I fyrste kampen etter ei kjedeleg landskamppause får Ipswich Town besøk av Shrewsbury Town.

Av: Svein Garmo.

Det er lenge sidan siste seriekamp, der vi tapte 1-2 borte mot Sunderland. Den kampen starta vi dårleg, men etter at vi utlikna tok vi over styringa av kampen. Vi kunne ha vunne kampen, der dommaren kom i fokus etterpå med utvisninga av Dozzell og straffespark til Sunderland.

Etter dette har vi vorte slått ut av FA-cupen mot Portsmouth, der det også var dommaravgjersler som vart heftig drøfta etter kampen. Vi har også vorte utslått av Crawley i EFL-cupen (som nå har fått det klingande namnet Papa John’s Trophy, sponsa av ein pizzaleverandør) . I båe desse cup-kampane nytta Lambert høvet til å bruke ein del av dei yngre spelarane.

Underteikna må innrømme at kunnskapen om gjestane, Shrewsbury, er liten. Eg hugsar det best som eit lag vi møtte to sesongar på rad i FA-cupen, der vi måtte ha omkamp i 4. runde i 80/81 og tapte i 5. runde i 81/82. Det var i den perioden Ipswich var eit topplag, og det var nesten utenkeleg å ikkje vinne mot Shrewsbury som spelte i 2. divisjon.

Frå den nyare tida er Shrewsbury Town for dei fleste av oss mest kjent for å vere klubben Paul Hurst forlét for å bli manager i Ipswich Town. Hurst overtok botnlaget Shrewsbury i oktober 2016, og greidde å unngå nedrykk etter ein sterk sesongavslutning. Sesongen 2016-2017 greidde Hurst å ta Shrewsbury til Play Off, der dei tapte finalen mot Rotherham. Same sesongen kom dei også til finalen i EFL-cupen, der dei tapte mot Lincoln City.

Dei ligg no på 3. siste plass i League One med 8 poeng. Dei har vunne berre ein kamp, borte mot AFC Wimbledon. Dei siste to kampane har dei spelt uavgjort, og dei fire før der tapte dei. I motsetning til oss så er dei vidare i FA-cupen etter seier 2-0 mot Cambridge, og dei vann også siste kampen sin i pizzacupen 4-3 over Crewe Alexandra. Sist seriekamp spelte dei uavgjort 3-3 mot Swindon. Dei har scora berre 10 mål i serien denne sesongen, og 3 av desse måla kom altså i den siste kampen. Vi kan merke oss at sjølv om dei har scora lite mål til nå, har dei altså scora 7 mål dei siste to kampane i serien og EFL-cupen. Toppscorar i serien er forsvarsspelaren Aaron Pierre med 2 mål. Så er det 8 spelarar som har scora kvar sitt mål.

Manager for laget er Samuel Ricketts, som hadde over 50 landskampar for Wales som spelar for m.a. Hull, Bolton, Swansea og Wolves. Når eg ser på spelarstallen til Shrewsbury Town er det for meg heilt ukjente namn. Ser ut som om det er få som har erfaring frå høgre nivå enn League One.

Dette er eit lag Ipswich Town bør slå om dei skal vere eit lag å rekne med i kampen om opprykk. Vi har vel ikkje tradisjon for å vere gode i fyrste kamp etter landskamp-pause, men vi får verkeleg håpe dette har vore ei verdifull pause for spelarane våre.

I mange av kampane vi har hatt til nå må eg innrømme at eg har irritert meg litt over mykje pasningar på tvers og bakover på eigen banehalvdel, og til dels liten vilje (og evne) til å få laget framover på bana. Dette har også ofte ført til farlege situasjonar når motstandaren set høgt press på oss når vi er mest opptekne av å slå pasningar på tvers langt bak. Etter mi meining ga andreomgangen mot Sunderland godt håp om betring, sjølv om vi tapte kampen.

Eg vel å vere optimist før denne kampen, og Shrewsbury Town er eit lag vi bør slå utan alt for mykje problem. Uansett så gler eg meg til å logge på IFollow og å bruke ein laurdagsettermiddag til å sjå på middelmådig engelsk fotball.

COYB!

Tags

About Author

Related Post