Neste hinder: Sheffield United

På lørdag fikk vi townfans smake på den uvante følelsen av seier, og lørdagskvelden var unektelig litt kjekkare.

Av: Runar Vasstrand

Personlig kjente eg nok meir på lettelse enn lykke, var ein tøff kamp i vanskelige forhold, men deilig at det holdt til tre poeng. Bortsett fra de første ti-femten minutta, som var lovande med masse trøkk, så var det kanskje den svakaste fotballmessige prestasjonen sidan Lambert tok over, men resultatmessig gull.

Var så viktig å hanke inn ein trepoenger på Portman igjen, både for å minske gapet oppover, men og for å gi fansen godfølelsen, litt kjøtt på beina til positiviteten som Paul Lambert unektelig har bragt med seg. Men no får vi sjå på lørdag om Paul og spelarane har brukt veka godt. Sheffield United er ein vesentlig tøffare utfordring enn Wigan. All respekt for Wigan altså, som klarer seg bra etter opprykket, men dei tar så godt som alle poenga sine på heimebane, og var i så måte ein takknemlig motstandar forrige helg.

Sheffield United derimot, er eit meget bra bortelag, og ikkje minst eit topplag. Dei ligg på 5.plass, men har tidligare i haust leda Championship, etter ein overraskande god høstsesong. Lørdagens kamp gir eit gjensyn med David McGoldrick(McGoaldrick), og ingen blir vel spesielt overraska om han scorar. Vi veit godt kva han er kapabel til i sine beste stunder, og dei siste sesongane i Town hadde han vel ikkje optimale arbeidsforhold og lei litt under det. Sammen med Billy Sharpe, som har hyggelige minner frå tidlegare Portman-besøk, kan dei nok gi rikelig hodebry for Chambers og Pennington.

Men kva så med Town? Ting har definitivt sett bedre ut under Lambert, og særlig Fredheim Sears har fått ein ny vår. Keeperplassen er problematisk. Town kan trenge Bialkowski tilbake i form, for sjølv om Gerken er ein god shotstopper, så er han temmelig dodgy i feltet. Forsvaret har vore i uforandra i alle Lamberts kampar, og er det nok på lørdag og. Pennington/Chambers funkar bra, mens backane er langt meir variable. Knudsen hadde ingen god kamp mot Wigan. Spence var ok i den kampen, men har vore ganske svak i fleire andre, så for meg er det ei gåte at han blir valgt foran Donacien. Med mindre Lambert planlegg å hente heim Emmanuel i januar, så håpar eg at ein høgreback står på handlelista.

Midtbana: Fraværet av Skuse merkast. Syns Downes har levert bra, trøkker til i duellar og har vokst. Minus for litt skuffande dødballar. Chalobah blir eg litt sprø av å sjå på. Han er definitivt eit talent, med betydelige kvalitetar, men det svingar voldsomt. Eit fint trekk blir avløyst av eit dårlig touch/pasning eller nonchalant dveling, som ofte skapar brudd i mot og stansar Town på offensiven. Nolan hadde eg stor tru på då han blei henta i sommar. Etter relativt lovande takter i starten så butta det for han i likhet med laget. Sjølvtilliten dabba, og speletida likeså. Har fått nokre kampar frå start av Lambert, og viser tegn til bedring. Ønsker meg at han gjer seg endå meir tilgjengelig, tar tak i kampen, og vågar offensivt.

Fremst så har eg allerede nevnt Sears, som virkelig blomstrar. Tar tak både offensivt og defensivt, og viktigst av alt scorar mål. Lankester er eit stortalent som imponerer med mot, teknikk og flott venstrefot. Syns ikkje han fikk til all verdens mot Wigan, mens han virkelig leverte borte mot Stoke. Viktig dødballvåpen, og ein som tør å utfordre, herlig! Den siste offensive plassen har Jordan Roberts, og eg håpar Harrison snart er klar til å starte igjen, for Roberts ser dessverre ikkje god nok ut. Kjem til fine innlegg fra kant og er brukbar i lufta, men for mange rotete touch, svake avslutningar, ramling og klaging på dommar. Spiss er nok heilt sikkert førsteprioritet på transfermarkedet i januar. Jackson kan komme inn med fart, men har vel ikkje akkurat overbevist han heller. Andre på benken som kan bidra: Edwards, som til tider har imponert på kant, Dozzell og Bishop bidrar med teknikk og kreativitet på midten, Ward kan bidra positivt både på kant og sentralt(men prestasjonane svingar voldsomt der og).

Vurdering: Eg håpar Town har brukt energien fra forrige helgs seier til å senke skuldrane nokre hakk, og at dei lørdag ettermiddag, med styrka sjølvtillit, kan gå i strupen på Sheffield United, angripe fra start av og forhåpentligvis få eit bra resultat. Eg trur seier blir vanskelig, men Town har løfta prestasjonane i det siste, og derfor tippar eg uavgjort(1-1). Men kryssar fingre og tær for tre poeng, dei trengs definitivt. Etter lørdag ventar ein tøff tur til QPR på Boxing Day.

Benyttar anledningen til å ønske alle townfans ei riktig god jul og eit blått nyttår! Og så ber vi nissen om tre poeng som julepresang to dagar på forskudd.

Related Post

blog-grid

Topp mot bunn

blog-grid

Vi trenger poeng